-
Europa treng oss, me treng Europa.
Europa er både ei geografisk, historisk, etnisk, kulturell, åndeleg og symbolsk eining. Europa skil seg frå andre kontinent, sivilisasjonar og ikkje-sivilisasjonar.
Europa er ein stad for olympisk virilitet, for heroisk spiritualitet som samsvarar med praktisk sans og sunn fornuft. Det er ein stad der det heilage, det religiøse og det mystiske aldri søkk ned i dragsuget av hallusinasjonar, kunnskapsdylgjing og individuell underkasting.
Europa stend fremst millom sivilisasjonane når det kjem til kreativitet, kunst, fyrestellingsevna, individuell fridom, folkehopehav, solidaritet og evna til å takla nye situasjonar.
Globalismen er grunnleggjande skadeleg for Europa. Han gjeng til åtak på alt det som er serskilt europeiske og han slepper laus alle slags obskure, udifferensierte og anti-virile krefter.
Dei geopolitiske, historiske, etniske, kulturelle, spirituelle og symbolske flokane me stend uppe i no, dei sviv seg fyrst og fremst um å kunna halda uppe det sermerkt europeiske og å berga dei europeiske folki.
Det finst ingi berging utan at det finst vilje til makt, og denne makti kann ein berre uppnå dersom ein byggjer på den gamle romerske tanken um imperium.
Europa kann ikkje berre vera eit administrasjonsråd styrt av bankeigarar eller teknokratar, det må framfor alt verta ein sterk ide, både handgripeleg og yverskridande, som hevjar og rettleider alt og alle som høyrer til der.
Den europeiske røyndomen er ikkje den som me ser ikring oss i dag. Ho er helder ikkje den som me fyresteller oss. Han er det som me kjem til å skapa oss, gjenom kløkt og gjenom kamp, med handfaste aksjonar på det europeiske nivået, for å kunna forma og leggja fram eit leveført alternativ.
Europa hev kome til tidsalderen med satellittar, og desse hev endra kriteria for tid og rom. Slik hev dei lagt makti i hendene på dei som styrer på dette nye nivået. Europa må difor gjeva makti attende til dei europeiske folki. Dette gjer ein med di ein realiserar eit sterkt Europa som gjeng parallellt med alt det som her er vorte nemnt.
-
Me...
…Lyt yta vårt til å skapa nye elitar, både eksistensielt, kulturelt og politisk – og med tenkjarar som kann møta dei utbjodingane som me lyt yvervinna.
Det sviv seg ikkje so mykje um å leggja fram sosiale, monetære, økonomiske eller institusjonelle teoriar (som er viktuge nok, dei med), men um å gå i den rette stemneleidi for å kunna styrkja dei positive tendensane.
Samnemnarane for dei positive tendensame er desse: Yngja upp att folkesetnaden, få kontroll med innvandringi og snu heile migrasjonstendensen, berga dei “völkische” grunndragi åt dei europeiske folki, atterskapa ein ikkje-kapitalistisk økonomisk visjon som er tufta på korporasjonar og synergiar og atterreisa den olympiske viriliteten. Me lyt setja autonomien upp imot dei autoritære og framandgjerande pådragi utanfrå.
Me lyt sikra ideen um at Europa tek vare på og integrerar dei nasjonale og regionale serhåttane sine, me lyt verna um både hopehavet og dei individuelle fridomane på èin gong.
Uppgåva vår er å lyfta fram alle desse samnemnarane samstundes, slik at me kann koma oss forbi alle underordna skilnader i synsmåtar – og alle dei kjepphestane som kjennemerkjer det politiske engasjementet i ei tid dominert av sosiale nettverk.
På dette grunnlaget so skal Landskniktane stydja upp um alle slags tildriv – politiske, kulturelle, sosio-økonomiske og metapolitiske – som fører oss i den rette stemneleidi og som gjev nytt hjarteblod til Europa og for Europa, det autentiske Europa.
Det skal me gjera med deltaking i tenkjetankar, med medverknad i sosiale organisasjonar og næringsorganisasjonar, i internasjonale samband, gjenom å liva som me lærer i kvardagen og med politisk engasjement utan tanke på den personlege eigenbaten.
Slik skal me skapa idear og initiativ. Me skal byggja vidare på det beste som kvar einskild europeisk nasjon tilbyd oss, og som kvar person tilbyd seg å ofra. Og slik skal me lukkast med den uppgåva som gjer oss til spjotspissen i Europa.