Det eine vonbrotet etter hitt
Heilt sidan den tidi at nokon tok til å spå at EU og den tyske leidarskapen skulde bryta saman, so hev kjensgjerningane vore dei stikk motsette. Det starta med at dei austerrikske populistane i FPÖ for andre gong på rad mislukkast med å vinna presidentvalet, og seinare kunde me slå fast at Wilders ikkje lenger var i framgang i Nederland. I det tyske regionalvalet i Saarland, so vann partiet hennar Merkel ein stor siger medan AfD berre fekk helvten av dei røystene som valdagsmælingane hadde spådd. I Bulgaria, der eit pro-russisk og Brüssel-kritisk stemningsskifte skulde liggja i lufti, so var det eit pro-europeisk konservativt parti som vann valet.
I millomtidi syner meiningsmælingar at 70 prosent av unge italienarar er imot nokon Italexit og 72 prosent av unge franskmenner er imot å gå attende til franske franc.
Dette syner at den endeframme høgreekstreme tilnærmingi ikkje svarar til det som er stoda i Europa i dag – og um høgresida held fram med å gå i denne stemneleidi, so risikerar dei å kasta burt ei folkeleg stemningsbylgja som dei ikkje maktar å føra mot strategiske mål. I staden avgrensar dei verksemdi si til rein symbolpolitikk, i von um at leidarane deira skal finna seg ein plass i parlamentet eller halda på den plassen som dei alt hev.
Ein rang diagnose
Eg skal ikkje lista upp dei eurofobiske absurditetane åt dei som er aller lengst ute på høgresida, i minsto ikkje i Italia, for eg kann ikkje sjå at desse hev nokor politisk rolla å spela i det heile.
Ein må forstå massepsykologien. Um eurodisintegrasjonen misser appell, so heiter det at dei som fremjar denne hev formulert ein rang diagnose.
Sume kann skulda på den aggressive tonen som amerikanarane hev nytta seg av, og som hev skapt ein sunn emosjonal reaksjon – eller det kann vera at det jamne huglaget millom europearar hev endra seg, i motsetnad til det mantraet som ein høyrer i det endelause millom dei reaksjonære. Kor som er so er det i dei seinaste månadene vorte klårt at folk i EU-landi ynskjer seg radikale endringar og dei er sers kritiske til EU – men ikkje for å gå ut or EU. Kann henda ventar dei på nokon som skal svara «Europa Fyrst» til «America First» – i staden for å vera USA sine lausrivne tenarar. Kann henda.
Det trengst ein ny meny
Der det skortar på intelligens, der kann instinktet få koma til sin rett. Difor, um me byrjar med AfD so ser me at dei hev byrja å leggja anti-euro og andre anti-europeiske kampsaker attum seg. I Italia so hev Grillo skyna at det ikkje er nokon god ide å reisa parolen um å trekkja seg frå euro-mynteiningi – for som FPÖ hev demonstrert for Marine Le Pen so er dette eit politisk sjølvmord. Marine Le Pen som hev bygt presidentvalkampanjen sin på Frexit og retur til franc, ho hev uppdaga at di mindre ho viser til desse sakene, di betre er det – medan fiendane hennar nyttar dei same sakene til å framstella henne som eit trugsmål mot Frankrike.
Kor som er so kjem Marine til å få eit framifrå resultat av di ho gjeng imot eit nasjonalt system som er bankerott – men med dei antieuropeiske kampsakene sine so hindrar ho mange franskmenner frå å røysta på henne, endå so langt upp i halsen dei hev fenge dei tradisjonelle partii.
Nett no er det duka for ein konfrontasjon millom Macron og Marine. At denne konfrontasjonen kann gjera Frankrike ustabilt og soleides verta eit lett byte for andre makter, det er ein annan diskusjon.
Her kann ein berre slå fast at dei som freistar å selja eventyrforteljingar og mirakuløse uppskrifter på kor bra det var i den tidi då nasjonalstaten sine eigne mafiagruppor dreiv med «sosialkonservativ» politikk, dei sel ikkje so godt som dei hadde vona.
Det er på høg tid at ein i staden ser realistisk og strategisk på stoda. Det trengst ei fornuftig forståing av korleis verdi fungerar og det trengst ein vilje til makt. Når det ein serverar folk ikkje fell i smak, so er det betre at ein endrar menyen.