Brüssel skal hertakast
Forfatter: Gabriele Adinolfi
Den store europeiske borgarkrigen (1915-1945) gjorde Europa blodfatig, og no er kontinentet på veg mot sin moralske undergang.
Globaliseringsprosessen hev tvinga Europa til å samla seg, men som i Itaca på Penelope so stend Odysses fast – og det er ein flokk med byråkratar som styrer prosessen.
Alle fiendane av i går – alle dei som hev utarma Europa, men som framleis ottast henne – dei umringar henne og ynskjer å sjå henne uppløyst. Sume av dei som er trøytte av alt det som hender, dei gjeng rett i fella deira og styd upp um denne uppløysingi.
Det gjer ikkje me. Me gler oss ikkje yver sirene-koret, me vil framleis attende til Itaca; for å vinna det, frigjera det og gjera det stort att.
Upp imot både dei eurostatiske og dei euroskeptiske, so stadfester me at me stend for eit Europa av folkeslag, av sivilisasjon, av tradisjon, av sosialt grunnlag, av revolusjon og av makt: Eit Europa som er samla og imperialt på ei og same tid – for det er væpna med ideen um Imperium, og det er garantisten for både nasjonar, regionar, identitetar, fridom og sjølvstende. Det fær det beste ut or serhåtten sin, det gjer nytte av sitt Amor Fati og den kapasiteten som det hev til å styra sin eigen lagnad.
Millom dei underkasta og dei som vil vera seg sjølve nok, so held me fram i jamnt takt og med blikket beint fram.
Målsetnaden er å leggja Brüssel inn under oss.
Frå alle stader, frå sjølvstendige sosiale gruppor til kvalifiserte elitar som me skaper sjølve, frå kulturell revolusjon til handfaste alternativ – me reiser oss politisk. Framåt marsj!
Ingen nåde for Proci!